Her finn du reglar for nattcupen.
Kvart lag har 5 spelarar på banen (keeper + 4 utespelarar) + max 3 reservar. Laga har berre lov til å bruke spelarar som er oppført på lagoppstillinga. Eventuell korrigert lagoppstilling skal leverast i sekretariatet før laget sin første kamp. Kvar spelar kan kun spele for eitt lag. Alle lag må betale påmeldingsavgift til sekretariatet før laget sin første kamp. Kampane varer i 1 x 9 minutt. Kampane vert spela med vanleg indoor-fotball (gul inneball). Dersom begge lag vil, kan ein bruke futsal-ball i gjeldane kamp.
1. Det vert ikkje dømt offside.
2. Tilbakespel til keeper er ikkje tillete.
3. Keeper skal kaste ut ballen ved utspel frå mål (tillete å kaste over midtlinja).
4. Dersom ballen treff taket blir det frispark. Frisparket vert teke rett under den staden ballen treff taket.
5. Hardt spel og stygg språkbruk kan straffast med utvisning i 2 min. Sklitaklingar fører til utvisning resten av kampen! HUGS DET ER SNART JUL!
6. Innbyte skjer kontinuerleg.
7. Det er innspark på sidene. Hjørnespark vert teke som innspark. Innspark kan ikkje gå direkte i mål. Alle frispark kan takast direkte.
8. Hugs å sjekke om du er heime- eller bortelag. Heimelaget startar med ballen og brukar evt. vest.
9. Kampoppsettet forutset at laga er klare til avspark seinast eitt minutt etter at førre kamp er avblåst. Kjem ein for seint til kamp, og dommaren har avgjort denne til walk-over, med resultat 2-0 i favør av det laget som er på plass, kan ein ikkje rekna med å få spele kampen om att seinare.
10. Vidare avansement vert avgjort på bakgrunn av puljetabellen. Poeng tel først, deretter målforskjell. Dersom både poeng og målforskjell er lik, tel innbyrdes oppgjer. Dersom innbyrdes oppgjer har enda uavgjort, vert vidare avansement avgjort ved loddtrekning i sekretariatet. I klasse A og klasse B går dei to beste laga i pulje 1 og 2 vidare til semifinale. I klasse C spelar alle mot alle. Dei to beste laga møtest i finalen.
11. Uavgjorte kampar i sluttspillet, vert avgjort ved straffespark-konkurranse. Det skal takast 3 straffespark frå kvart lag, deretter eitt av gongen inntil avgjerda fell (kun 5 spelarar på kvart lag kan ta straffar). Keeper skal stå på streken.
12. Arrangøren tek ikkje ansvar for skadar, mista og stolne gjenstandar o.l.
13. NB! Dommaren har rett sjølv om han tek feil!