Krik Kvam har trening kvar laurdag kl. 18.00 - 20.00 vekselvis i Norheimsund idrettshall, Øystese idrettshall og på Øystese ungdomsskule. Sjå kalender. Aldersgrense er frå 8. klasse og oppover. Samlingane føregår etter krik-prinsippet trening-andakt-trening.
Målsetjing for Krik Kvam:
Krik Kvam vil prøva å skapa eit kristent fellesskap der me samlast om idretten og Guds ord. Krik Kvam ynskjer å inspirera, vinna og ivareta idrettsfolk til eit liv med Jesus Kristus. Krik Kvam vil skapa trivsel og idrettsglede blant medlemmane og er ikkje opptekne av konkurransementalitet.
Velkomen innom!